Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Viktig informasjon om standpunkt, klagerett og fråvære

Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 
Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Klagerett på standpunktkarakter

- Elevar og/eller føresette kan klaga.
- Klagefristen tek til frå den tida ein kunne ha gjort seg kjend med karakteren, og er 10 dagar.
- Klageinstans (Statsforvaltaren i Rogaland) vurderer om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde.
- Ved medhald i klagen gjennomfører rektor og faglæraren ei ny vurdering. Rektor set endeleg karakter.

Avgjerda kan ikkje klagast på. (Gjeld ikkje orden/åtferd, der avgjer Statsforvaltaren). 

Om du ønskjer å klage

1. Rådfør deg med faglærar og få grunngiving for karakteren så sant det er mogleg, før du klagar på standpunkt- eller eksamenskarakterar.
2. Klagen må vere skriftleg og den må ha med privatadressa di. Klagen må vere signert.
3. I klagen må det koma fram kva ein klagar på og klagen bør innehalda informasjon og grunngjeving for klagen.
4. Klagen skal leverast til rektor (skulen).
5. Om du klagar, skal du vere merksam på at klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, at karakteren blir sett opp, eller at karakteren blir sett ned. 

Her er aktuelle lenker frå udir.no:

Korleis kan eleven og foreldra klage?

Klage på standpunktkarakter

Hvordan elev og foresatt kan klage på standpunktkarakter

Klage på standpunktkarakter i fag i grunnskolen

Klage på standpunktkarakter i orden og åtferd i grunnskolen

Eksamen

I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. Les meir om det her: Hvordan klage på karakteren?

Fråvære

- Elevar kan krevja sletting av inntil 10 dagar fråvære kvart opplæringsår.
- Her er lenke til Udir for kva som gjeld ved eventuell sletting av fråvære.
- Viss ein ønskjer å krevja sletting av fråvære, send dette på mail til rektor (elsa.djuve.jerstad@time.kommune.no). Frist er 7. juni.