Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Viktig informasjon om standpunkt, klagerett og fråvær

Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 

Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.

På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og Mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.

På 10. trinn har ein òg klagerett på eksamen. 

Klagerett på standpunktkarakter:

Elevar og/eller foreldre kan klaga.
Klagefristen er 10 dagar frå ein kunne ha gjort seg kjend med karakteren.
Klageinstans (Statsforvaltaren i Rogaland) vurderer om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde.
Ved medhald i klagen gjennomfører rektor og faglæraren ei ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Avgjerda kan ikkje klagast på. (Gjeld ikkje orden/åtferd, der avgjer Statsforvaltaren). 

Om du ønskjer å klage:
1. Rådfør deg med faglærar og få grunngjeving for karakteren så sant det er mogleg, før du klagar på standpunkt- eller eksamenskarakterar.
2. Klagen må vere skriftleg, og den må ha med privatadressa di. Klagen må vere signert.
3. I klagen må det koma fram kva ein klagar på, og klagen bør innehalda informasjon og grunngjeving for klagen.
4. Klagen skal leverast til rektor (skulen).
5. Om du klagar, skal du vere merksam på at klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, at karakteren blir sett opp, eller at karakteren blir sett ned. 

 

Statsforvaltaren har lagt ut ny informasjon om klage på standpunktkarakter på heimeside Statsforvaltaren i Rogaland (statsforvalteren.no).  

Klage på standpunktkarakter | Statsforvaltaren i Rogaland (statsforvalteren.no)

Eksamen:

10. trinn har òg klagerett på eksamen. Udir/eksamen

Søknad om fråtrekk av fråvær
Kvart år kan eleven søka om å få trekkja frå fråvær. Informasjon og søknadsskjema finn du her.
Søknad om fråtrekk skal leverast til kontaktlærar på eige skjema før 31. mai kvar vår. Det er viktig at de gjer dette for kvart skuleår - då det kun kan søkjast for inneværande skuleår.