Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring
Elevpermisjon og fråvær

Til høgre finn du vedlegg med informasjon som har med elevpermisjon og fråvær å gjera. 

 

Søknad om elevpermisjon

Skal du søkja permisjon frå opplæringa kan kontaktlærar gje fri inntil 2 dagar. Er permisjonen utover 2 dagar må det søkjast permisjon til rektor (sjå Opplæringslova under).

Du søkjer permisjon i Visma Flyt Skole. Vegvisar korleis du gjer finn du i vedlegget til høgre. Dersom permisjonen et utover to veker, må det søkjast om utskriving av skulen.

Du finn óg eit vedlegg med rutinar ved fråvær.

Frå Opplæringslova:

§ 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa

"Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute."

 

Søknad om fråtrekk av fråvær. 

Kvart år kan eleven søka om å få trekkja frå fråvær. Informasjon om dette finn du som vedlegg til høgre.

Søknad om fråtrekk skal leverast til kontaktlærar på eige skjema før 31. mai kvar vår. Det er viktig at de gjer dette for kvart skuleår - då det kun kan søkjast for inneværande skuleår.