Meny
Her finn du trinna Framside
Besøksadresse: Gåsevikvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 65 00 Send e-post til oss
Postadresse: Postboks 38 4349 BRYNE
Redaktør: Karl Inge Aksnes- +47 928 41 927
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Innlogging heimeside
Logg inn
Tilgjengelegheitserklæring

"Min skole app" er kanalen skulen bruker til kommunikasjon mellom skule og heim.

For å få varsel på nyheiter på heimesida vår, må du melde deg på som abonnent. Linken "Abonner på nyheiter" finn du nede til høgre.

Skulen har eiga side på Facebook.

17. mai er ein viktig dag i Noreg. Me oppmodar derfor alle elevane våre å gå under Frøyland ungdomsskule si fane i barnetoget. Sjå program for dagen og viktig informasjon under.

Håpar de får ei fantastisk 17. mai-feiring!


Klage på vurdering er regulert i § 10-4 i opplæringsforskrifta. 

Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.

På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og Mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.

På 10. trinn har ein òg klagerett på eksamen. 


Skriftleg eksamen:

Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 16.mai kl. 09.00.

Utifra kva fag dei kjem opp i er det følgande datoar som gjeld:

20.mai eksamen matematikk

21.mai eksamen norsk hovudmål

22.mai eksamen norsk sidemål

23.mai eksamen engelsk

Nytt i år er at det ikkje er førebuingsmateriell til skriftleg eksamen. Her kan du lese meir om skriftleg eksamen: Eksamen (udir)

Munnleg eksamen:

10.juni kl. 09.00: Elevane får informasjon om kva fag dei kjem opp i.

11.juni: Førebuingsdag, samt rettleiing med faglærar

12.juni: Eksamensdag (elevane får tidspunkt for eksaminasjonen på førebuingsdagen).

Særskild tilrettelegging på eksamen:

I følge udir skal:

"Elever med behov for tilrettelegging av eksamen (..) få lagt forholdene til rette slik at de kan få vist kompetansen sin ut fra kompetansemålene i fag i læreplanverket, se forskrift til opplæringsloven §3-29." Les mer om særskild tilrettelegging: her

Viss ditt barn har behov for særskild tilrettelegging på eksamen må dei søkje om dette til rektor innan 16. mai. Hugs å få med kven og kvifor, og gjerne dokumentasjon om du har.

 


Tusen takk for oppmøte på foreldremøtet forrige veke. 

Presentasjonen frå møtet ligg som vedlegg på sida her. 

No kjem det ut melding til elevane på Teams der dei får ei lenke til ei forms-undersøking, og der skal dei velje tilvalgsfag/sprk og valfag for neste år. 

Via Minskole-appen for barneskulen vil de få tilsendt ei undersøking der de svarar på spørsmål ang målform. 

Nytt foreldremøte blir 4.juni kl 18.00.


Foreldremøte 26.mars kl 18.00 i aulaen på Frøyland ungdomsskule.



                      Vinterferie på Møllekjellaren 2025

Mandag 24.2.25  Reke Event og paintball for påmeldte. Ta kontakt med Møllekjellaren for informasjon.

Tirsdag 25.2 til onsdag 26.2 Døgning på huset
Påmeldingslapp får på Møllekjellaren i våre åpningstider
Gratis, men krever påmelding, max 35 stk

Onsdag 26.2.25 Åpent hus 17.00 – 21.00, gratis kveldsmat😊

BLI MED SOM NATTERAVN
Vi trenger 8 stk nye natteravner på Frøyland og håper du vil bidra. Foreldre ved Frøyland U har over flere år bidratt som natteravner lørdag kveld for å trygge nærmiljøet med voksen tilstedeværelse. Av naturlige årsaker er det noen som slutter etter flere års bidrag, og vi trenger dermed at nye blir med. Du vil bli satt opp til å gå natteravn 1 lørdag i halvåret. Dersom dato ikke passer, bytter vi innbyrdes i natteravngruppa. Har du lyst å bli med, ta kontakt med Natteravnskoordinator i Blå Kors Bryne, Anne Lovise Skailand på mobil 90974376, og finn facebookgruppa «Frøyland natteravner» der du spør om å bli medlem. Dette er en lukket gruppe for de som er med som natteravner.
Vennlig hilsen

Anne Lovise Skailand

leder blå kors natteravn, lyspunkt og ferieklubb
Blå Kors Bryne
Parkvegen 12, 4340 Bryne







Kjære elevar og føresette,
Vi ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Det vil dei komande vekene bli mogleg for elevane å seia kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Informasjon til foreldre/føresette er lagt ut på ulike målføre og engelsk.