17. mai på Frøyland!
17. mai er ein viktig dag i Noreg. Me oppmodar derfor alle elevane våre å gå under Frøyland ungdomsskule si fane i barnetoget. Sjå program for dagen og viktig informasjon under.
Håpar de får ei fantastisk 17. mai-feiring!
Programmet for Frøyland krins er henta frå nettsida til Time kommune. Programmet for dei ulike krinsane i Time finn du her: 17. mai 2025
07:00 Salutt.
07:50 Ord for dagen.
08:00 Flaggheising ved Kvernelandspeiderne og Frøyland skulekorps.
Korpset spelar.
09:00 Oppmøte til barnetog v/ baksida av barneskulen.
09:30 Barnetog
Allsong; Ja, vi elsker, Fagert er landet og Gud signe vårt dyre fedreland.
Velkomsttale ved leiar av 17. mai komiteen: Frédéric Ramon.
Tale ved elevar frå 7. trinn: Edit Grastveit, Live Haar, Viljar Woster Heggen, Jeppe Heggelund, Oscar Mandal Ødegaard.
Trekking av programbladvinnar og kåring av beste innslag i barnetoget.
11:00 – 13:00: Leikar og aktivitetar på skulen.
13:30 Oppmøte til folketog ved baksida av barneskulen.
14:00 Folketog.
Hovudtale ved Øystein Nereng.
Kåring av beste innslag i folketoget og utdeling av premiar for beste resultat under leikar og aktivitetar.