Velkommen til nytt skuleår! Det var gildt å sjå alle igjen sist veke.
Her kjem litt nytting informasjon.
Ny organisering av timeplanen
Me har endra litt på inndelinga av undervisninga og nytt av året er at kvar økt er 60 minutt. Det er nokre unntak; valfag er framleis 90 min og me har to økter på 45 minutt på fredagane. For detaljar – sjå timeplanen på heimesida vår.
Nye fag
Dette året skal elevane ha mat og helse. Dette faget er avgangsfag, det betyr at karakteren dei får i juni blir ståande på vitnemålet. Elevane har også fått nye valfag, men mange har det same som dei hadde i 8.klasse. Elevane har ikkje symjing.
Mat og helse
Elevane må ha med reint forkle til timane. Dei som har langt hår må ha med hårstrikk.
Arbeidslivsfag
Dei elevane som har dette faget går ein time meir på måndagar, då sluttar dei kl. 15.25. Dei får difor avspasere første time på onsdagar, og dei startar då kl 09.30.
4-deling
I faga mat og helse, kunst og handverk, kroppsøving og krle/tema deler me trinnet i 4 grupper med 18 elevar i kvar gruppe. Dette er av praktiske hensyn, men det vil også vere positivt for det sosiale sidan gruppene er sett saman på tvers av klassane
Ipad
Me minnar om at elevane må ta godt vare på ipaden. Det er viktig å oppdatere han, og alltid lade han opp heime.
Mobilhotell
Me har mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å la mobilen vere igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levere han inn i mobilhotell.
Bøker
Elevane har fått bøker i matematikk, norsk, naturfag, samfunnsfag og i språkfag som i fjor. Det er viktig at de legg bokbind på bøkene slik at me tek vare på dei.
Fotografering
Fotografen kjem torsdag i veke 34. Klassane tek gruppebilete og portrettbilete. Hugs å gå inn på Visma for å gi samtykke til dette. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som elevane får gratis. I tillegg kan de kjøpe valfrie fotopakkar utanom, direkte frå fotografen.
Minskole.no/fus
Følg med på heimesida vår. Der legg me ut vekeplanen og de finn også timeplanar og diverse info. Det er lurt å abonnere på nyheiter frå 9.trinn. Då får du e-post kvar gong me legg ut noko nytt. Abonnement må fornyast kvart år.
Helsing oss på 9.trinn