Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Den Store SFO dagen

I går den 24.april, markerte me den Store SFO dagen med aktiviteter, fest og show!! Me var ganske nøyaktig 100 unger + ein god gjeng med vaksne, i tillegg til ungdommer i arbeidsveke.

 

Me hadde poster med ulike aktiviteter på idrettsbanen. Den mest populære aktiviteten var å kaste søkkvåt svamp på Marit som stod i pappblinken!!

Alle fekk kvar sitt aktivitetskort som vart brukt til lodd seinare. Dei måtte derfor passe godt på det, og det klarte alle 100 :) Etter aktivitetene serverte me pølse og pommes frites ute i sola.

Klokka to samla alle seg i aulaen. Her framførte fem 3.klassinger (Andrea, Judith, Najma, Hedda og Turid) eit egenkomponert show: «Reisen til SFO land». Me avslutta festen med premieutdeling og is!!!

For ein utruleg gild og takknemlig gjeng me har på SFO. 

Her kan de sjå bileter frå festen.

Main Image
Bilete 1 av 47