Bokstavar

LLE

LLE er eit tverrfagleg prosjekt i skulane i Time med tittelen; Laget rundt læraren og eleven (LLE).

Laget rundt læraren og eleven har fokus på tverrfagleg samhandling for å auka elevane si faglege og sosiale meistring. LLE støttar lærarane for å få trygge gode klassar og skulemiljø. I tillegg kan LLE rettleia i saker rundt enkeltelevar. Det er flott med ulik kompetanse inn når ein arbeidar tett på ein situasjon eller klasse. LLE ønsker også føresette velkomne viss dei ønsker å ta opp ting med oss.

LLE – består av helsesjukepleiar Inger Helen Torheim, PPT-kontakt Henriette Hestvaag, SFO-leiar Tove-Elin Gudmestad og rektor Ingveig Nærland Ødegård. Ine Oddane frå Barnevernet kan vera med ved behov.