Ordensreglar

Alle skular skal ha eit ordensreglement (§10-7 i opplæringslova). Føremålet er å danna grunnlag for ein velfungerande skule, ved å gje reglar for korleis elevane skal ha det, kva elevane kan og ikkje kan gjera på skulen, og kva som skjer viss reglane vert brotne. Ordna rammer og reglar som er kjent og forstått av alle, bidreg til å fremma læring, tryggleik, trivsel, respekt og toleranse. Dei er også med på å fremma forutsigbarheit og likebehandling.