På veg mot sola, blå himmel

Transport skuleskyss og trafikkplan

Trafikksikring handlar om å kunne bevega seg trygt i lokalmiljøet sitt, anten ein er fotgjenger, syklist eller bilist - barn, ungdom eller vaksen.

På skulevegen til og frå skulen gjeld vanlege trafikkreglar. Dei som syklar eller sparkar må nytta hjelm. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning. 

 

Elevar som har over 4 km til skulen har rett på skyss.

For elevar i 1. trinn er denne grensa 2 km

Elevar som har farleg skuleveg kan søke om skyss.

Om eleven har delt bustad, må ein søke om skyss til bustaden som kvalifiserer for dette.

Skyss og sfo:
Elevar som nyttar sfo-tilbodet om morgonen, får ikkje skyss til skulen.

Elevar som nyttar sfo-tilbodet om ettermiddagen, får ikkje skyss heim frå skulen.