Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Skulane i Time kommune skal sørga for at elevane har det trygt og godt. Denne retten gjeld òg på SFO og når elevane er på leksehjelp. (§12-1 i opplæringslova).
Skulen skal ikkje godta krenkande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skulen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø. (§12-3 i opplæringslova).
Ein del av det førebyggande arbeidet i Timeskulen, er bruk av Olweusprogrammet for 5.- 10.trinn og Zippy og Eples venner for elevar på 1.- 4. trinn. Skulane i Time kommune er sertifiserte Olweus-skular og følger Olweus sine retningslinjer både i det førebyggande arbeidet og om det oppstår saker med utrygt skulemiljø.
Skulen har plikt til å følga med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivest på skulen, jf. kapittel 12 Opplæringslova. For å sikra dette, bruker skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Du finn meir informasjon på: Trivsel og skolemiljø
Klassetrivsel
Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel. Hognestad skule bruker vekesjekk for å jamnleg følga opp elevane.
Olweus
I Timeskulen arbeidar me for å sikra at elevar har eit trygt og godt psykososialt læringsmiljø.
I Time kommune vil me at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Alle som arbeider ved skulen har plikt til å følga med på at elevane har det bra, og me skal gripa inn om noko ikkje er greitt. Skulen sine plikter følger kapittel 12 i Opplæringslova. Olweusprogrammet
Zippys venner
Zippys venner – livsmeistring i skulen er eit program for 1.–4. trinn kor elevane får øva på livsmeistring gjennom å meistra dagleglivets utfordringar, å identifisera og snakka om følelsea, og å støtta andre
Zippys venner
Eples venner
Eples venner er eit tiltak for å styrka elevanes sosiale og emosjonelle ferdigheiter på 3. og 4. trinn. Tiltaket er ei vidareføring av Zippys venner.
Eples venner
§12-4 arbeid - Kva gjer eg om barnet mitt blir mobba?
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjer helse, inkludering, trivsel og læring. Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag.
Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, eller bra på skulen, vil me at de skal gje beskjed til oss.
De kan gje beskjed ved å:
- ta kontakt med kontaktlærar
- ta kontakt med ein i leiinga
- ring skulen på telefonnr. 51 77 83 43
Når skulen får melding om krenking eller mobbing, skal me starta arbeidet med saka. Skulen vil undersøka, vera i dialog med elev og føresette og følge opp. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke. Om me ikkje gjer det, eller du ikkje er nøgd med arbeidet som blir gjort, kan du kontakta statsforvaltaren i Rogaland.
Statsforvaltaren i Rogaland sin informasjon