Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova.
For å sikra dette, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Les meir om klassetrivsel, GDPR og datasikkerhet i dokument under vedlegg.