Informasjon om eksamen 10. trinn våren 2024
Det nærmar seg eksamen - her kjem nyttig informasjon.
Merk at elevane kjem opp i ein skriftleg eksamen og ein munnleg eksamen.
Skriftleg eksamen:
Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 7. mai klokka 09.00.
Alt etter kva fag elevane kjem opp i er det følgande datoar som gjeld:
13. mai førebuingsdag engelsk
14. mai eksamen engelsk og førebuingsdag norsk
15. mai eksamen norsk hovudmål
16. mai eksamen norsk sidemål og førebuing i matematikk
21. mai eksamen matematikk
På UDIR sine sider kan de lese meir om eksamen i grunnskulen: Eksamen (udir)
Munnleg eksamen:
4. juni kl 09.00: Elevane får informasjon om kva fag dei kjem opp i. Fag eleven kan bli trekt opp i er matematikk, norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag, KRLE, spansk, tysk, engelsk fordjuping og arbeidslivsfag.
5. juni: Førebuingsdag på skulen, samt rettleiing med faglærar. Elevane trekk tema og får informasjon om tid for eksaminasjon.
6. juni: Eksamensdag