Rød julekule på juletre
Publisert: 19. desember 2025 | Sist endra: 19. desember 2025 | Forfatter: Ingeborg Sagen Milner

God jul!

Skuleåret starta med aktivitetsdag kor elevane fekk høve til å bli kjende med kvarandre og delta i ulike samarbeisoppgåver. Ein flott moglegheit for både elevar og vaksne til å byggja klassefellesskap og skapa gode minner saman. 

Elevane på 8. og 9. trinn har delteke på innovasjonscamp. Tema var knyta til korleis ein kan skapa ein meir attraktiv skulegard. Elevane var engasjerte og kom med kreative idear og løysingar, som vil bli teke med vidare i prosessen med å utvikla og oppgradera skulegarden. 

Halloween blei markert med utkledning og premiar, luciadagen med luciatog og det blei delt ut lussekattar til både elevar og tilsette på skulen.

Før me tek ein velfortent juleferie, avsluttar elevane med turnering i innebandy og basketball.  

Me ser fram til eit nytt, aktivt og innhaldsrikt skulehalvår med elevane og dykk føresette som gode støttespelarar.  

Takk for godt samarbeid. 
Me ønskjer dykk ei minnerik julehøgtid og eit godt nytt år! 

Oppstart måndag 5. januar kl. 08.25 

Vennleg helsing 
Tilsette ved Lye ungdomsskule