Historie

Bore skule vart bygd i Verdalen i 1975. Verdalen var då eit av dei store utbyggingsområda i Klepp kommune. 
Den fyrste skulen fekk Bore allereie i 1878. Då vart det bygd skule i skilje mellom Borsheim og Hodne. Skulebygget var i bruk fram til 1922 og seinare som ungdomslokale. Det kom ein ny skule på andre sida av vegen som oppfylte datidas krav. Etter ein brann vart denne bygd på ny i 1941.  
Dette bygget står i dag på Borsheim og er i bruk som barnehage. 
Frå 1968 til 1975 var det ei stor utbygging i Verdalen. På få år vart det sett opp fleire hundre bolighus. Skulen på Bore vart for liten og det vart bygd ny skule i Verdalen. 
Etter få år måtte skulen utvidas på grunn av stor auke i elevtal. Bygget som vi no kallar Sørigarden kom i 1982. Desse bygga klarte vi oss med i 20år. Men då 6-åringane startet i skulen vart det på ny utbygging og vi fekk enno eit påbygg som vi kallar Nordigarden. Dette bygget vart teke i bruk i januar 2001. Frå 1972 og fram til 2006 vart det ei elevauke frå 120 til 435 elevar. Hausten 2008 var det behov for fleire rom og ein paviljong vart sett opp midlertidig.  
Det vart i 2017sett opp eit stort nybygg i to etasjer. Skulen har etter nybygget kom  plass til 450 elevar. Vasshus skule vart nedlagt og elevane vart overført til Bore skule. Det er i tillegg aula, kantine og administrasjons del i nybygget. 
I 2025 vil vi feire skulens 50 års jubileum.