Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Skuleskyss

Du har rett på fri skuleskyss dersom du bur meir enn 2 km frå skulen når du går i 1. klasse og meir enn 4 km frå skulen når du går i 2. - 10. klasse. Du har og rett på skuleskyss dersom du må reisa med båt.

Det er viktig å melda frå til skulen dersom føresette flyttar internt i kommunen eller skal ha delt omsorg. Då veit me om eleven har rett på fri skuleskyss.

Les meir om skuleskyss her.

BUSSKORT
Alle elevar med rett til fri skuleskyss får busskort av Kolumbus. Alle passasjerar i bussane skal ha gyldig reisebevis, og dette er eleven sitt bevis.

For å vite om bussen er stor nok på dei enkelte rutene blir det tatt ut statistikk over antal reisande. Det er derfor viktig at alle elevane bruker kortet sitt for å sikre stor nok buss.

I tillegg til kortet får elevane utdelt kortholdar som kan hengast på f.eks. skulesekken. Monter kortet i holdaren med navnet synleg, og gjerne med ein tape rundt for å hindere at det løsner. Då er kortet alltid med, og lett tilgjengeleg når eleven skal om bord i bussen.

Dei som mister kortet må melde dette til skulen som bestiller nytt frå Kolumbus.