Til deg i 10. klasse: Informasjon om vurdering og vitnemål
I løpet av våren 2018 vil elevar på 10. steg få fastsett karakterane som skal stå på
VITNEMÅL FOR GRUNNSKOLEN. I nokre fag kan du ha fått standpunktkarakter
tidlegare, til dømes i valfag, musikk eller mat og helse. Fylkesmannen i Rogaland
har registrert eit ønskje frå elevar og foreldre om informasjon med omsyn til
karaktersetjing, eksamen og klage på karakterar. Vi har derfor laga denne
brosjyren som vi håpar du kan ha nytte av. Det er utarbeidd ein eigen brosjyre med
informasjon retta direkte til dei minoritetsspråklege elevane. Elles vil
informasjonen i denne brosjyren også gjelde for minoritetsspråklege elevar.
Les meir i vedlegg til høgre