Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Monica Helgøy
Gå til Google Classroom
`Hjertetelefon`

Aldri har me vel opplevd at skulen stenger og me må vere heime og aller helst berre heime. For nokon kan det opplevast skummelt, medan andre tenkjer at det går heilt fint. Alle tilsette ved Forsand skule er på jobb og har arbeidstider, også sosiallærar.  

Det kan hende det er nokon elevar som treng å lufte bekymringar, har mange tankar eller spørsmål om den spesielle situasjonen vi er i nå. Eller det er nokon som berre treng å snakke med nokon fordi dei er heime åleine medan føresette er på arbeid.

Sosiallærar kan ringast kvar dag, alle dagar på telefon 958 88 663. Det kan hende eg ikkje alltid kan ta telefonen, men då kan elevane sende meg ein mail til katrin.persche@sandnes.kommune.no som eg vil svare så fort eg kan.