Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Arvid Strand
Gå til Google Classroom
Mat og helse ved Trodlane

Den 1. desember hadde 4. klasse mat og helse ved Trodlane.

Måndag var klassen i grupper og laga deig til pinnebrød. Det blei god øving i matematikk, både med måling og med halvering av oppskrifta.

Tysdag gjekk me av garde før det var lyst. Då me kom fram, måtte alle finna seg ein pinne til pinnebrødet.  Etter tur var alle med og kutta grønsaker og pølser til lapskausen. Så var det tid til fri leik i skogen og steiking av pinnebrød medan lapskausen kokte. Det var ikkje alle som hadde tid til å venta på den gode steiketemperaturen over bålet, men brent pinnebrød fall og i smak! Og lapskausen blei kjempegod!

Main Image
Bilete 1 av 5