Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Kate Elisabeth Larsen
Gå til Google Classroom
9. klasse har hatt besøk av slaktar Stian Espedal

Mat & helse faget for 9. klasse blei litt annleis denne veka. 
9. klasse hadde denne veka besøk av slaktar, Stian Espedal, i mat & helse faget. Han hadde med seg eit lammeslakt på 20 kg. Dette lammet skar han ned og parterte til stor interesse for elevane. Alt på lammet blei nytta til mat. Elevane fekk lage god mat av kjøttet etterpå med kyndig hjelp frå Stian.