Meny
Velg seksjon Elevrådet
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Monica Helgøy

Forsand skule ønske alle våre elevar og føresette ein riktig god sommar! Det har vore eit spesielt år for oss på skulen. Skulebygninga er renovert, vi har blitt ein del av Sandnes kommune og vi har som resten av landet hatt ein lang periode med heimeundervisning. Eg vil nok ein gong takke elevar, tilsette og føresette for ein fantastisk innsats!

Vi ønsker 10. klasse lykke til med nye og spennende utfordringar, og vi gleder oss til nye elevar i 1. klasse til hausten. 

SFO er åpen tom. 30. juni og opner opp igjen 10. august. Fredag 14. august er planleggingsdag på SFO.

Skulestart for alle elevar er 17. august.

Mvh. rektor Monica Helgøy

 


Elevrådet på Forsand skule har sett seg litt lei alle feilparkeringane ved tusenårsplassen. Dei vil i næraste framtid starte opp med frivillege parkeringsbøter på 50 kroner. Dei som vel å betale denne frivillege bota gir då pengar til fadderskulen vår i Bolivia. Organisasjonen som får pengane er Futuro Bolivia, og er den same organisasjonen me samlar inn pengar til når me har skulefest.