Publisert: 23. september 2025 | Sist endra: 23. september 2025 | Forfatter: May Vårli Ree
Trygg trafikk og mjuke trafikantar på veg til og frå skulen
Me erfarer at det oppstår farlege situasjonar på skulevegen for både fotgjengarar og syklistar.
Denne veka har me difor litt ekstra merksemd på trafikktryggleik på skulen. Me snakkar med elevane våre om korleis dei må opptre for å ferdast trygt i trafikken.
Dette gjeld særleg for kryssing av veg, sykling og bruk av hjelm.Lys på sykkelen no når det vert mørkt.
Me oppfordrar alle føresette til å snakke med sine barn om trygg ferdsel i trafikken, og ber alle billistar om å køyre ekstra forsiktig i området kring skulen ved skulestart og skuleslutt.