Publisert: 21. oktober 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Karen Helene Seppola

Positivt språk gir betre skulemiljø

Kva ord me brukar og korleis me snakkar til og om kvarandre har innverknad på miljøet me er iPå Frøyland skule er me opptatt av at elevane skal ha eit godt skulemiljø og me vil difor har fokus på språkbruk dette skuleåret. Både elevar og vaksne på skulen vil vera aktiv i arbeidet, og me er glad for at mange føresette er med på laget.  

 

 Som ein del av arbeidet, vil me bruke Redd barna sitt opplegg “Gi oss spilleregler”. Me går i gang frå veke 42.   


Bakgrunn for at me har sett i gang dette arbeidet er at  det i trivselsundersøkinga våren 2025 kom det frem at det er noko verbal mobbing på skulen. Dei vaksne på skulen erfarer og at elevane har ein språkbruk me ikkje synst er akseptabel. Nokre føresette har meldt frå til skulen om at dei reagerer på språkbruk i barnegruppa. Dette ønskjer me å ta tak i.  

Språkbruken mellom elevane påverkar skulemiljøet, både med omsyn til trivsel, meistring og læring. I Lov om grunnskuleopplæring kap. 12 står det at alle elever har rett til et trygt og godt skolemiljø, som fremmer helse, inkludering, trivsel og læring. Me vil difor bruke delar av opplegget frå Redd Barna, Gi oss spilleregler. Me vil lære elevane gode ord vi kan bruke, øve på å si fine ting til kvarandre og om kvarandreMe ønskjer eit miljø der det ikkje er tøft å snakke stygt eller frekt. 

I Redd Barna sin rapport kan vi lese at elevane sin språkbruk i stor grad blir påverka av medelever på skulen, av dei vaksne rundt dem både på skulen og i heimen, og av det dei ser og høyrer på sosiale media, spel og andre skjerm-aktivitetar. 

Alle barn har rett til å uttrykke sin meining i saker som omhandlar dem, jf. Barnekonvensjonen art. 12.  I dette opplegget  samarbeider dei vaksne på skulen tett med elevrådet, og eleven sin rett til medbestemming blir sentral i arbeidet. Me kjem til å jobba med positiv språkbruk på alle trinn i skulen og SFO. Me startar opp no, men vil jobbe med det utover hele året. Det tar tid å bygge kultur.