Publisert: 21. oktober 2025 | Sist endra: 21. oktober 2025 | Forfatter: Torill Sandsmark

Innsats for andre

                                       
I N N S A T S   F O R   A N D R E   2 0 2 5

I veke 45 har vi ei veke som heiter “Innsats for andre” på Frøyland skule. I år skal vi igjen samle inn pengar til “Ye-Amlak-Lijoch” i Addis Abeba, hovudstaden i Etiopia. Dette er ein mødreheim som vart starta for 5 ½ år sidan. Fattige og sårbare tenåringsmødre får bu på mødreheimen i 6-9 månader. Her får dei oppleve omsorg, respekt og kjærleik, og håpløyse blir vendt til håp og livsglede. 

Det blir mange kjekke aktiviteter, som t.d lykkehjul, fiskedam, kafè, sal av varer frå Etiopia, spøkelsesbibliotek, boksal, pølsebod, sal av brukte klede, loddsal, fruktlotteri m.m