Publisert: 06. januar 2026 | Sist endra: 06. januar 2026 | Forfatter: Svein Inge Leikanger

Snø, aking og leik

Til stor glede for elevane er det no snø og akeforhold og me på Frøyland har ein fin akebakke på baksida av C-bygget.

Med over 350 akeglade elevar, er det viktig at me tenkjer på at ingen skal kome til skade.

Derfor har me ein regel om at viss ein skal ake i skuletida, må ein nytte mjuke brett/akermatter.

Me må også følgje litt reglar om å venta på tur og høyre etter på kva dei vaksne vaktene gir melding om.

Minner også på at det ikkje er lov å kasta snøball når ein er på skulen.