Publisert: 19. januar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: May Vårli Ree

MARTE MEO- ein metode for rettleing

Time kommune har eit veilledningsverktøy for ansatte og foresatte som heiter Marte Meo. Dette blir brukt av skular, barnehagar og familiesenteret m.fl. ved behov. Dersom metoden blir tatt i bruk vil dei involverte bli informerte og samtykke vert henta inn. For å gjera arbeidet enkelt, er det laga eit eige samtykkeskjema i "Visma Flyt Skole" for det. De treng ikkje svara på samtykke før det blir aktuelt.

Metoden går ut på å bruka videoanalyse av samspel mellom barn og omsorgspersonar for å sjå barnet på nye måtar. Marte Meo skal og gje hjelp til å reflektera over kva støtte som kan hjelpa barnet til betre meistring og utvikling. Det terapeutiske arbeidet med Marte Meo er å etablera eller reetablera utviklingsstøttande dialogar mellom barnet og omsorgspersonane. Tilbodet blir tilpassa det einskilde barn og foreldra. 

Informasjon knytt til innhenting av samtykke frå føresette 
I Time kommune nyttar me  Marte Meo som systematisk rettleiingsmetode for tilsette, og for å sikra best mogleg utviklingsstøtte til barn og unge.  
Korte filmopptak er grunnlag for Marte Meo rettleiinga. Personopplysningsloven §8 og §9 krev innhenting av samtykke ved slike filmopptak. 
Samtykket kan til kvar tid i prosessen trekkjast tilbake, og opptak som blir ønskt sletta, skal slettast med ein gong.    
Filmopptak vil bli sikkert lagra, og blir oppbevart etter Lov om journalforskrift og GDPR retningslinjer.  
Om ikkje anna blir avtalt, blir filmopptak sletta etter enda rettleiingsprosess.