Publisert: 20. februar 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Svein Inge Leikanger
Endeleg opnar Sivdammen helsebasseng igjen !
Sivdammen helsebasseng er ferdig rehabilitert, og det er mogleg for skulane å ha symjeundervisning der igjen. Etter 16.mars vil Frøyland skule gi 2.-3. trinn symjeopplæring i Sivdammen helsebasseng, medan 4.- 5. trinn vil nytta Bryne symjehall.
Skulane har fått tildelte tider i begge bassenga. Kva trinn som får undervisning vil vera ulikt frå skule til skule, men undervisninga vil vera i tråd med kompetansemåla i læreplanen.
NB !! Etter påske vil det bli tilbod om 60 minutts intensiv opplæringskurs på torsdags ettermiddagar kl. 16- 18, for barn og føresette. Meir informasjon om desse kursa kjem før påske.