Publisert: 11. august 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Karen Helene Seppola
Velkommen til skuleåret 2026-2027
Velkommen til nytt skuleår
Første skuledag for elevane er onsdag 19.08.2026.
2.-7.trinn møter opp i skulegarden kl. 08.30. Det blir opprop av klasser og lærarar, og kvar klasse går i samla gruppe til klasseromma. Skuledagen er slutt til vanleg tid.
1.trinn møter i skulegarden saman med føresette kl. 9.00. Då ropar me opp kvar elev og dei følgjar sine lærarar til klasseromma. Det blir lagt til rette for fotografering i samband med oppstart. Skuledagen er slutt kl. 13.
I år startar de 368 Elevar på Frøyland skule. Me får ein del nye elevar på skulen og ønsker dei ekstra velkommen til oss. Me håpar både elevar og føresette vil vera med å bidra til nye venskap og inkludering.
Det er litt endring på dagsrytmen for elevane på 5.-7.trinn. Dette er gjort for at me skal kunne ha rom for fysisk aktivitet i skulekvardagen.
Dermed blir skuledagane for 5.-7. trinn slik:
Måndag kl. 08.30-14.25
Tysdag kl. 08.30- 13.10
Onsdag kl. 08.30-14.15
Torsdag kl. 08.30-14.25
Fredag kl. 08.30- 13.00
For meir informasjon om start- og sluttider sjå “info om skuledagen” under hovedmenyen på heimesida.
Fysisk aktivitet følgjer av forskrift til lov om grunnskuleopplæringa og de kan lesa meir om det på desse lenkjene.
Fysisk aktivitet
Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) - Kapittel 1. Innhaldet i grunnskoleopplæringa - Lovdata