Publisert: 01. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Torill Sandsmark
Innsats for andre veke 45.
I N N S A T S F O R A N D R E 2 0 2 6
I veke 45 har vi ei veke som heiter “Innsats for andre” på Frøyland skule. I år skal vi igjen samle inn pengar til “Ye-Amlak-Lijoch” i Addis Abeba, hovudstaden i Etiopia. Dette er ein mødreheim som vart starta for 5 ½ år sidan. Fattige og sårbare tenåringsmødre får bu på mødreheimen i 6-9 månader. Her får dei oppleve omsorg, respekt og kjærleik, og håpløyse blir vendt til håp og livsglede. (Det vert ikkje drive med evangelisering på mødreheimen).
I juni i år var 3 av lærarane på Frøyland skule på besøk på mødreheimen og fekk sjå og oppleva kva pengane me samlar inn går til. Dette var ein tur som lærarane betalte sjølv.