Publisert: 26. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Karen Helene Seppola
Les deg til Ullevaal - Lesekonkurranse
Informasjon til føresette – lesekonkurranse i Time kommune
Erling Braut Haaland inviterer alle elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i Time
kommune til å delta i ein spennande lesekonkurranse. Bakgrunnen er ei heilt spesiell
gåve: Han har gitt ei sjeldan utgåve av Snorres kongesoger for å inspirera barn og
unge til å oppdaga lesegleda og leva seg inn i gode forteljingar.
Konkurransen går føre seg i to periodar, november og januar. I desse periodane vil
elevane få tid til lesing på skulen, og dei blir i tillegg oppmoda til å lesa i fritida.
Elevane registrerer kor lenge dei les i appen BookBites, og det er talet på minutt som
tel. Klassane konkurrerer samla, slik at dette blir eit lagarbeid der alle bidreg.
For at konkurransen skal vera rettferdig og motiverande, gjeld desse hovudprinsippa:
• Lesing av bøker, teikneseriar og aviser tel
• Lesing på skulen og i fritida tel
• Lærebøker, leseleksa og å bli lest for tel ikkje
• Konkurransen er basert på tillit og ærleg registrering av lesing
Me ønskjer å oppmoda dykk som føresette til å støtta opp om lesing i fritida i desse
periodane. Lesing saman, å snakka om bøker eller å leggja til rette for lesestunder
kan vera gode måtar å bidra på.
Målet med konkurransen er ikkje berre å vinna, men å skapa leseglede, gode
lesevanar og engasjement hos elevane
Premien er heilt spesiell.
I februar blir det trekt ut ein klasse frå mellomtrinnet og ein
frå ungdomstrinnet, av dei klassane som har 20% mest lesetid. I tillegg vil det bli
trekt ut 10 individuelle elevar blant dei som har 20% mest lesetid. Desse får reisa til
Ullevaal stadion våren 2027 for å oppleva landskamp saman med Erling Braut
Haaland og det norske landslaget.
Me håpar de vil vera med og motivera dykkar barn til å lesa, registrera ærleg, og
bidra til at dei får gode leseopplevingar og leseglede