Meny
Velg seksjon Framside
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Digitalisering - innføring av Chromebook og Googleplattforma

I dag har spente elevar fått kvar si Chromebook og med det enklare tilgang til vår nye satsing, digitalisering. Chromebook er ein nettlesar som er skreddersydd for å bruke Google si læringsplattform.  Vi har nå kopla alle elevane opp til skulen sitt nettverk, for at Chromebooken skal virke heime, må den koplast til ditt heimenettverk.

Denne satsinga koster 50 000 000 kr. Då har alle 10 000 elevar og alle tilsette i Sandnesskulen fått kvar si Chromebook til bruk på skulen og heime, samt oppgradert trådlaust nett på skulen.

Eg har forklart alle elevane kvifor vi har denne satsinga: Samfunnet endrer seg og blir meir og meir digitalisert. Det opnar for nye spennande verktøy å ta i bruk i undervisninga, men også nye krav frå styresmaktane til kva elevane skal lære. Dette er formulert i eigne læringsmål for elevane innan digitalisering. Målet er auka læring hos elevane.

Lære å jobbe smartare og meir effektivt.

Satsinga er politikarane i Sandnes kommune si investering for å legge til rette for at kvar enkelt elev skal få denne moglegheita. Og gjennom dette verktøyet gir vi elevar og tilsette tilgang til andre måter å lære på enn ein har i dag. Det utfordrar lærarane til å bruke desse nye moglegheitane i si undervisning, samtidig som eg har sagt til elevane at ein framleis kjem til å skrive i bøker når det er mest aktuelt. Elevane har og fått beskjed om at eg blir skuffa om dei slutter på trening, å gå ut, å komme til middag!, leike i skogen, jogge, spele handball osv fordi dei har fått ein Chromebook. Då har vi bomma!

Det vil bli tre enkle reglar for elevane:

1. Læraren bestemmer når Chromebook skal tas i bruk i timen.

2. Læraren bestemmer når Chromebook skal leggast vekk i timen.

3. Fast lekse frå og med no er å kome med si Chromebook ferdig lada heimefrå. (1. og 2. kl har eige system)

Ellers gjelder vanleg skikk og bruk med skulen sitt utstyr slik alle våre elevar har lært heime og på skulen.

Lykke til med det nye læringsverkøyet!