Meny
Velg seksjon FAU
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
April på SFO 🌞

I april har det vore mykje fint vær, spesielt nå på slutten. Barna har kosa seg ute og leika i sanden, sykla, hoppa strikk, tau og paradis. Barna har òg brukt tepper til å lage hengekøyer, og me har ete fleire måltid ute i sola.

To tysdagar har barna fått vere med å bake til måltidet. Det var veldig kjekt å sjå korleis dei kosa seg, både med bakinga og med å ete det dei hadde laga etterpå.

På Høle SFO jobbar me med leikekompetanse kvar dag. Leik er ein viktig del av utviklinga til barna, og gjennom leiken lærer dei å samarbeide, kommunisere og vise omsyn til kvarandre.

Me øver på å inkludere andre i leiken, forstå og følgje reglar, og handtere små konfliktar som kan oppstå. Barna får støtte i å tolke sosiale situasjonar, vente på tur og finne gode løysningar saman.

Målet vårt er at alle barn skal oppleve meistring, tilhøyrsle og glede i leiken, og utvikle ferdigheiter dei tek med seg vidare - både på SFO og elles i kvardagen.

Main Image
Bilete 1 av 44