Lye skule tilbyr leksehjelp etter avtale med kontaktlærer og føresette til eleven.
Leksehjelpa inneheld følgjande ansvar:
Eleven sitt ansvar:
- Møte presis til leksehjelpa.
- Ha med vekeplan og iPad, riktige bøker og skrivesaker.
- Jobbe konsentrert med leksene og ikkje forstyrre andre.
- Levere lekser til lærar i tide.
Føresette sitt ansvar:
- Vis interesse og snakk med barnet ditt om kva lekser hen har.
- Øve leseleksa saman med barnet
- Hjelpe eleven til å ferdigstille leksene om dei ikkje har fått gjort alt.
Skulen sitt ansvar:
- Leksene skal vere kjent stoff for elevane.
- Leksene skal vere tilpassa
- Elevane får med vekeplan på papir eller iPad.
§13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp
Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskulen. Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.