Publisert: 27. mai 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Ida Skadsem
Sommarles 2026
1. juni startar Sommarles!
Kva er Sommarles.no?
Ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av folkebiblioteka i heile landet, som varer frå 1. juni - 31. august.
Alle elevar på 1. - 7. trinn kan delta, også dei som skal begynne på 1. trinn til hausten og dei som går ut av 7. trinn ved kampanjestart. Sommarles.no er i utgangspunktet ein digital kampanje, men det er også mogleg å få lesekort på biblioteket og delta analogt. På nettsida kan barna samle poeng for lesinga si, få lesetips og skaffe seg digitale trofé som dei kan samle på. Dei kan også følge ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og svare på oppgåver i tilknyting til den.
Barna blir premiert for innsatsen med digitale trofé på profilen sin, og med fysiske premiar som dei kan hente på biblioteket.
Sommarles er for alle, både superlesarar, middels gode lesarar og dei som treng hjelp eller er i ferd med å lære seg å lese. Dei må ikkje lese sjølve, men kan velje å høyre på lydbøker eller la nokon lese høgt for seg. Meir info om Sommarles.no finn de her: https://altom.sommerles.no/