I Strategiplan Oppvekst 2023-2029, står følgjande som mål og tiltak i Satsingsområde 4 Oppvekst og digitalisering:
Mål 3: Barn og unge sin kvardag i leik og læring balanserer mellom fysisk, analog og digital aktivitet.
Tiltak: Tilsette i Oppvekst planlegg slik at aktivitetar i løpet av ei veke balanserer det fysiske, analoge og digitale.
Skuleeigar har eit overordna ansvar for at elevane får opplæring i tråd med læreplanverket, LK20. Skulen skal leggja til rette for at elevane utviklar dei fem grunnleggjande ferdigheitene: lesing, skriving, rekning, munnlege og digitale ferdigheiter. Dei grunnleggjande ferdigheitene høyrer heime i alle fag og må sjåast i ein samanheng. Når ein les læreplanen ser ein at planen set krav til at dei grunnleggjande ferdigheitene må jobbast med i alle fag, for at elevane skal kunne nå kompetansemåla på 1.- 10. trinn.
Læreplanen legg opp til ein balanse mellom det digitale og analoge i alle fag på alle trinn, lik Mål 3 i Strategiplan for Oppvekst med tilhøyrande tiltak. I det pedagogiske arbeidet i Timeskulen har me sidan innføringa av 1:1 eining hatt fokus på og jobba med at bruken av digitale verktøy skal vera formålstenleg. Det blir jobba aktivt, både kommunalt og ved den einskilde skule, med å utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse jamfør Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse (PfDK) (udir.no).
01.08.24 trer ny opplæringslov i kraft. Her står det i §1.3 om tilpassa opplæring at “Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte elev (…)”. For å kunne driva tilpassa opplæring for alle elevar er det naudsynt med ulike digitale verktøy. Dei digitale verktøya gjev elevane hjelpemiddel som mellom anna opplesing og oversetjing av tekst, lydbok, ordpredikasjon og universell utforming. Tilpassa opplæring er noko anna enn spesialundervisning, og noko alle elevar har rett på. Rett bruk av digitale hjelpemiddel vil kunne hindra utanforskap ved å gje elevane moglegheiter til å delta i eit fellesskap på lik linje.
Timeskulen ønsker å legga til rette for at føresette og tilsette kjenner til forsking som viser til dei ulike funna av skjermbruk, både positive og negative. Ein søker å ha ein balanse i tilnærminga. Forskinga er heller ikkje einsidig i råda og funna.
Lye skule arbeider etter dei digitale føringane frå Time kommune.
Time kommune sine heimesider om teknologi i skulen