Ekskursjon på Lye skule
Lye skule har i samarbeid med FAU og elevråd bestemt at me skal ha desse ekskursjonane:
(FAU dekkjer kostnaden for 5.-og 7.trinn)
5.trinn: Ein dag med Teambuilding på Hadland.
https://www.hadland-gard.no/steinjillt/
6.trinn: Leirskule til Evjetun på våren.
7.trinn: Avslutningstur ein av dei siste skuledagane før sommarferien (t.d. bowling, kino, kongeparken, Fangene på fortet e.l. ) FAU har vedteke at dei gir 10 000 kr til 7.trinn si avslutning som skal vera med å dekkje utgifter i samband med avslutningsfesten og avslutningstur.
Rutinar for uteskule/turar i skulen sin regi.
I trafikkerte område skal ein passa på gåreglane. I større grupper bør det vera ein vaksen framme og ein bak.
Ved bruk av bil:
Samtykke i VismaFlyt.
Vanlege sikringsreglar i bil.
Ved bruk av sykkel:
Alle må ha hjelm og trafikksikker sykkel.
Når ein syklar på fortau, har ein vikeplikt for alle. Fotgjengaren har førsterett på fortau. Ved fotgjengarfelt skal ein gå av sykkelen.
Når ein syklar på ein gang- og sykkelveg, har ein vikeplikt for alle når ein skal inn på eller kryssa vegen.
Når ein syklar i sykkelfelt, har ein vikeplikt mot høgre som bilistane.
Når ein syklar i kjørebanen, må ein halda seg på høgre side og oppføra seg som bilist.
Ved bruk av buss.
Alle står samla, og rettar seg etter dei beskjedar som blir gitt av dei vaksne
Alle står i ro til bussen har stansa, og det er klart for på- eller avstigning
Alle brukar setebelte i buss.
Ved avstigning gir dei vaksne beskjed om korleis dette skal foregå, og alle går roleg ut av
bussen og bort til den avtalte oppstillingsplassen.
Elevar som tek buss til og frå skulen har ei bussvakt som følgjer til bussen og ser at alle har på setebelte.