Viktige reglar for elevpermisjon i Time kommune
Varigheit: Ein elev kan få permisjon i maksimalt to veker (10 skuledagar) per skuleår.
Ansvar for opplæring: Foreldra har ansvar for at barnet får forsvarleg opplæring i permisjonsperioden, og foreldra må difor søkje om permisjon i god tid før den planlagde permisjonsperioden.
Søknadsprosess:
Alle permisjonssøknader skal sendast til den enkelte skulen via portalen Min skole
For kortare permisjonar kan du søkje til kontaktlærar.
For lengre permisjonar, som varer utover to dagar, må du søke til rektor.
Skulen kan avslå søknaden, sjølv om permisjonen blir vurdert som forsvarleg, dersom det er viktige prøvar eller andre aktivitetar som fell saman med permisjonsperioden.
Manglande erstatning for undervisning: Tapte skuletimar under permisjonen kan ikkje krevjast erstatta seinare, verken for ordinær undervisning eller spesialundervisning.
Ugyldig fråvær: Ugyldig fråvær blir definert som fråvær utan gyldig grunn eller fråvær utover det skulen har gitt permisjon for.