Formålet med LLE er ei systemendring med fokus på tverrfagleg samhandling og auka kompetanse i skulen for å førebyggje og leggje til rette for alle elevane.
LLE består av inkluderingspedagog, sosiallærar, PPT-kontakt, helsesjukepleiar, SFO-leiar, operativ sosialfagleg ressursperson og er leia av rektor.
Tilsette og føresette kan melde inn saker til LLE. Det kan vere saker eller situasjonar ein ønskjer rettleiing på, bekymringar eller utfordringar knytt til læringsmiljøet eller enkeltelevar. Ein kan drøfte tilpassa opplæring, fagleg og sosial utvikling.
Saker kan meldast til ein av ressurspersonane i LLE.
Målet er å styrkje støtteapparatet slik at læraren i hovudsak kan fokusere på kjerneoppgåvene, samstundes som elevane får den hjelpa dei treng.
På Lye arrangerer deltakarane i laget diskotek og bordtennis/speling i enkelte friminutt for mellomtrinnet, samt dialogkafé på 7. trinn og samtalegrupper på 5. trinn.