Skulehelsetenesta skal arbeida for å
*fremma eleven si psykiske og fysiske helse
*fremma gode sosiale og miljømessige forhold
*førebygga sjukdom og skade
I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon.
Du kan snakka med oss om alt som det å vera trist, engsteleg, bekymra, vonde opplevingar (som sjukdom, dødsfall i familien), spørsmål om kropp, stress, mobbing, vald, utfordringar på skulen, kostrettleiing, etevanskar, problem heime, seksualitet, pubertet, rus, snus, røyk, fysisk og psykisk helse, kronisk sjukdom, trening osv.
Helsesjukepleiar har teieplikt.
Ta gjerne med ein ven om du synest det er vanskeleg å koma aleine.