Trafikksikring handlar om å kunne bevega seg trygt i lokalmiljøet sitt, anten ein er fotgjenger, syklist eller bilist - barn, ungdom eller vaksen.
På skulevegen til og frå skulen gjeld vanlege trafikkreglar. Dei som syklar må nytta hjelm og dei som sparkar er oppfordra til å ha hjelm. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning.
Time kommune sitt ordensreglement er styrande. Lye ungdomsskule har spesifisert reglar som gjeld på bussen.