Eit skuleår er bare 190 dagar. Me ber om at ferieturar ikkje blir lagt til desse dagane.
Dersom det er behov for permisjonar må det søkast om dette i god tid.
Fråvær timar, 1 dag eller 2 dagar - send melding via MinSkole app til kontaktlærar.
Fråvær på 3 dagar eller meir, søk via Visma til rektor.
Kapittel 2 Rett og plikt til grunnskuleopplæring
§ 2-2.Plikt til grunnskuleopplæring
Barn har plikt til grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskuleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skule, ein privat grunnskule som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskuleopplæring i heimen, jf. § 22-5.
Barn har plikt til grunnskuleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. Plikta fell bort når barnet oppheld seg utanlands i tre månader.
Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykker og det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå.
Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skulen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skulen.
Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørger for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følge med i opplæringa på skulen etter fråværet.
Skulen skal føra fråvær på alle trinn og når elevane får vitnemålet sitt i 10. klasse, vert heile fråværet for ungdomsskulen ført her.
Elevar kan kreva at fråvær inntil 10 dagar i løpet av eit skuleår blir trekt frå på vitnemålet (forskrift til opplæringslova kap 3 § 3-38)
Dette gjeld:
- lengre fråvær som er skulda helsegrunnar, der det blir framlagt legeattest. Fråværet frå og med 4. dagen kan trekkast frå.
- fråvær der eleven av ulike grunnar har fått innvilga permisjon frå skulen (Opplæringslova §2-11)
Ta kontakt med rektor dersom det er aktuelt å søka om fråtrekk.