Informasjon om tur vert gitt til elevar og står på vekeplanen som ligg på heimesida.
Før turen skal dette vera klargjort
• Oppførsel for turen
• Prosedyre når bussane kjem til skulen
• Prosedyre når elevane går av/på
• Kven blir med på turen
• Ansvarleg leiar
• Oppteljing før avreise og retur
• Opplegg for dei som eventuelt er igjen på skulen
• Elevar som treng spesielt tilsyn/bruker medisinar osv
Dersom det vert brukt privatbil må ein ha løyve frå føresette.
SYKKELTURAR
• Det skal vera med 2 vaksne med refleksvest
Ved korte turar kan ein vurdera om det er naudsynt
• Alle elevar skal nytta sykkelhjelm. Dersom dei ikkje har, må dei låna av andre eller av skulen
• Føresette sjekkar om sykkelen er i forskriftsmessig stand
• Lærar har med førstehjelpsutstyr og mobiltelefon, event avtale med følgebil.
OVERNATTINGSTURAR
Ved overnattingsturar vert heimen informert om reisemål, tidspunkt, reisemåte, ansvarleg for turen og kva for vaksne som er med. Informasjonen kjem på vekeplan og event. visma melding.