Klassetrivsel
Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 12 Skulemiljøet til elevane i opplæringslova. For å sikra dette, bruker skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar.
Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Meir info om:
Klassetrivsel
GDPR og datasikkerheit
Olweus
I Timeskulen arbeidar me for å sikra at elevar har eit trygt og godt psykososialt læringsmiljø.
Alle skulane i kommunen arbeider etter OLWEUSPROGRAMMET som er eit antimobbeprogram.
I Time kommune vil vi at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Alle som arbeidar ved skulen har plikt til å følga med på at elevane har det bra, og vi skal gripa inn om noko ikkje er greitt. Skulen sine plikter følger Kapittel 12 Skulemiljøet til elevane i opplæringslova. Du finn meir informasjon på: Trivsel og skolemiljø.
§12-4 arbeid - Kva gjer eg om barnet mitt blir mobba?
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjer helse, inkludering, trivsel og læring. Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag.
Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, eller bra på skulen, vil me at de skal gje beskjed til oss.
De kan gje beskjed ved å
- ta kontakt med kontaktlærar
- ta kontakt med ein i leiinga
- ring skulen på telefonnr. 51 77 83 70
Når skulen får melding om krenking eller mobbing, skal me starta arbeidet med saka. Skulen vil undersøka, vera i dialog med elev og føresette og følge opp. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke. Om me ikkje gjer det, eller du ikkje er nøgd med arbeidet som blir gjort, kan du kontakta statsforvaltaren i Rogaland.
Statsforvaltaren i Rogaland sin informasjon