Gratulera så mykje med den gjeve førsteplassen!
Me er stolte over elevar og tilsette som har gjort ein fantastisk innsats i årets First Lego League .
Laurdag 11 november var hundrevis på plass i Tysneshallen for å heie fram sine skular i årets FLL konkurranse.
Ei rekke prisar vart delt ut denne dagen, og elevar frå Samnanger barneskule ved 6 og 7 trinn sto for fleire av pallplassane.
"Løvenes kongle" fekk tildelt den gjevaste championprisen, førsteplassen. Dei vart og tildelt førsteplassen i Teknologiprisen.
Det vart delt ut to prisar for beste lag i Robotkonkurransen. Den var det "DreamWEST123" som stakk av med, med "Løvenes Kongler" på andreplass. Begge laga frå Samnanger barneskule.
Gratulera!