På Sjernarøy oppvekstsenter er det barnehage, skule frå 1. til 7. klasse og SFO-tilbod om ettermiddagen.
Barnehagen
Opnar kl. 07:00 om morgonen.
Barna må til vanleg leverast før kl. 09:00. Dersom de ein dag vil levera seinare, må me få beskjed om det.
Barna får lunsj ca. kl. 11:00 og eit enkelt måltid ca. kl. 14:00.
Me ber om å få beskjed dersom de ein dag vil henta barnet tidligare enn det som er vanleg for barnet.
Barnehagen stengjer kl. 16:30, alle barn må då vera henta.
Skulen
Første time startar klokka 08:45, men det er vaksne til stades når skuleskyssen kjem klokka 08:10.
Slik er timeplanen vår:
1.-2. time: 08:45-10:15
Friminutt: 10:15-10:30
3. time: 10:30-11:15
Matpakke i klasserommet: 11:15-11:30
Friminutt: 11:30-11:55
4.-5. time: 11:55-13:25
Friminutt 13:25-13:45
6. time: 13:45-14:30
Me har ein fådelt skule, og dette skuleåret har me tre grupper; 1.-2. klasse er ei gruppe, 3.-4. klasse er ei gruppe, medan 5., 6. og 7. er ei gruppe.
Sjå eigne timeplanar for når skulen sluttar.
SFO - Skulefritidsordning
Skuleåret 2022/2023 er det 13 barn som er tilknytta SFO. Til vanleg er SFO eit tilbod til barn i 1.-4. klasse. SFO opnar rett etter skuleslutt og held opent til kl. 16:30 på alle kvardagar. Barna får eit lett måltid ca. kl. 14:30. Me gir tilbod om morgon SFO i barnehagen. Dette tilbodet opnar klokka 07.30 og me ynskjer opplysningar om dette dersom du ynskjer å nytte morgon SFO.