Sjernarøy oppvekstsenter består av skule, barnehage og SFO.
Barnehage
Informasjon om barnehagen finn de på barnehagen si heimeside.
SFO
I SFO har me 12 barn. Dei fleste barna har 100%. Dei med 60% plass i SFO har opphaldstid tysdagar, onsdagar og torsdagar.
Me har eit tett samarbeid mellom SFO og barnehage. Dette er for å gi barna ein best mogleg overgang frå barnehage til skule, i tillegg til at det styrker det faglege profesjonsfellesskapet til dei tilsette. 5-åringane våre er med på uteskule i lag med 1.-4. klasse og er med på SFO jamleg.
I SFO jobbar det 2 vaksne: Baseleiar jobbar kvar dag. I tillegg har me ein overgangslærar som jobbar både i skulen, barnehage og SFO. Dette er noko me er veldig stolt av å få til, då det gir ein anna arena for å byggje relasjon mellom lærar og elev, i tillegg til at det skapar tryggare overganger mellom barnehage-skule/SFO for barna våre. I tillegg er ofte ein av dei tilsette i barnehagen med i SFO saman med 5-åringane.
Skule
I skulen er me delt inn i fådelte klassar. Vanlegvis er me delt inn i 1.-2.klasse, 3.-4.klasse og 5.-7.klasse. Skuleåret 2025/2026 har me vald ei anna løysing:
- 1.-3. trinn har 12 elevar.
- 4. -7. trinn har 19 elevar.
Klassene er delt i to i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
Me samarbeidar mykje på tvers av trinn. Me ser at elevane våre trivs i lag og har eit enda større læreutbytte i større grupper i nokre fag, medan andre fag deler me dei inn i mindre grupper. Me prøver likevel å skille mellom småskulen og mellomtrinnet.
Alle elevane har innvilga gratis skuleskyss. Dei kjem i 3 grupper og er med i organiserte aktivitetar på skulen før/etter skulen startar.
Skuledagen er delt inn i 3 læringsbolker på 90 minutter. Måndagane har me berre 2 bolker, og sluttar 12.30. Onsdagar har 1.-3.trinn 1 lang bolk frå 8.45 - 11.45, og sluttar så på skulen.