Kvar grunnskule skal ha eit samarbeidsutval (SU). På Sjernarøy oppvekstsenter har me eit felles SU for barnehagen og skulen. SU skal vere eit rådgjevande og samarbeidande organ mellom foreldre og barnehage/skule. Dei har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og vert brukt som høyringsinstans for politikarane i viktige saker som t.d. utbygging og klassedeling.
Etter opplæringslova skal utvalet ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette ved skulen, to representantar frå dei tilsette i barnehagen, to representantar frå foreldrerådet i skulen, to representantar frå foreldrerådet i barnehagen og to representantar frå kommunen, der den eine må vere rektor ved skulen.
På Sjernarøy har me den praksisen at representantane frå foreldrerådet i både barnehage og skule kjem frå FAU (Foreldrerådets Arbeidsutval). I tillegg til rektor vert ein kommunal representant sett ned av kommunestyret.I tillegg til SU skal kvar skule ha eit skulemiljøutval (SMU) som tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. På Sjernarøy består SMU av representantar frå SU, på ein slik måte at elevar og føresette er i fleirtal.
Les kva Opplæringslova seier om SU og SMU ved å klikke HER..
SU ved Sjernarøy oppvekstsenter består i 2022 - 2023 av desse medlemmane:
Christer Tysdal (elevrepresentant)
Iselin Norheim Tuca (elevrepresentant)
Elin Samuelsen Rødne (leiar og representant frå foreldre)
Anna Lena Nedrebø (foreldrerepresentant skule)
Per Jakob Eike (foreldrerepresentant skule)
Yvonne Heus Aartun (foreldrerepresentant skule)
Ragnhild Steigen Nedrebø (representant frå barnehageforeldre)
Irene Norheim (representant frå tilsette i barnehagen)
Rannveig Øvrebø (representant frå andre tilsette)
Jarand Larsen-Rodvelt (representant frå lærarane)
Birger Wikre Hetland (kommunal representant)
Alice Helgøy (assisterande rektor og kommunal representant)