Meny
Velg seksjon Framside
Sjernarøyvegen 898 4170 Sjernarøy
Telefon: 51712040 Send e-post til oss
Redaktør: Alice Helgøy
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Spennande Harry Potter-veker på skulen!

Drifta av Galtvort høgare skule for hekseri og trolldom avdeling Sjernarøy går mot slutten. 

Dei siste fire vekene har mellomtrinnet hatt temaveker på skulen. Me har hatt Harry Potter-tema! Norsk, matematikk og engelsk på timeplanen, har me skifta ut med andre fag som urtologi, eliksirar, flyvning og aritmantikk. 

Ved hjelp av ein internett-quiz fann me ut kva hus kvar elev tilhøyrde. Deira hus har vore deira samarbeidsgruppe i alle fag desse vekene. Saman har dei sanka poeng, for det huset med flest poeng siste dagen vinn huspokalen! 

Me har spelt rumpeldunk, laga hostesaft, sanka ulike urter til bruk i kvardags og magi, laga eigne tryllestaver, lærd oss om urter, lest mykje om Harry Potter-verda, lært oss magiske triks og utfordra oss på fleire ulike vis.

Det har vore lærerikt for både elev og lærarar, og absolutt noko me kan gjera igjen!