Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<august 2025><<
august 2025
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
LUS

Det er no konstantert at det er lus hos elevar  på skulen.

Sidan lusa vandrar frå hovud til hovud, er det viktig at de foreldre er nøye med å sjekka håret til borna dykkar.  

Vil be instendig om at ALLE tar ein sjekk av borna denne veka/helga slik at ein kan bli kvitt luseplagene.

NB: EGG = LUS.

Informasjon om lus  

Lus er små, vingelause insekt som lever av blod på pattedyr. Ca 2,5 mm lange.

Lusa merkar vi ved at lusebitta byrjar å klø. Det kan ta 3 – 4 mnd før vi vert allergisk/overfølsom mot lusa.  

Lusa lever i hovudet, limer egga til håret tett inne ved hårfestet – særleg i nakken, opp mot issen og bak øyrene.  

Egga vert klekka etter 6 – 8 døgn. Lusa lever ca 30 døgn, og legg om lag 4 egg pr.dag.

Lusa bit, legg spytt i såret noko som fører til kløe. Lus utan tilgang på blod døyr på under 2 døgn ved 23 grader C Ved lavare temperatur kan dei overleve ei veke.  

SMITTE: Lusa vandrar frå hovud til hovud. Sjeldnare via klede og veldig sjeldan via møblar.  

SMITTE OG BEHANDLING  

PÅ SKULEN: Ikkje byt lue, kam o.l med kvarandre.  

BEHANDLING: Behandle kun dei som har lus. Det er viktig å behandle alle i familien som har lus samtidig.   -     

Bruk enten MALATION eller PRIDERM LINIMENT -      NIX kan brukast på små born som ikkje kan bruke Malation     

Lusekam! Like viktig som lusemiddel

Klede: Lusa døyr ved 60 grader i 5 min. eller ved -20 grader i minst eit døgn  

Sjekk i håret fleire månader framover (2-3) – hugs dei vaksne og besteforeldra.   

Lusemidla kan kjøpast på medisinutsal i butikken eller tingast frå apotek.