Meny
Velg seksjon 1. trinn
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
1. klassingane på Storebø skule har feira at dei har gått 100 dagar på skule. Dagen vart markert med at både elevar og vaksne kledde seg ut som 100-åringar, med mange flotte og kreative kostyme. Kjekt å markere slike milepælar i skulekvardagen!

I dag var siste elevdag på skulen før jul. Vi har lagt bak oss ei fin førjulstid med mykje kjekt innhald. Som avslutning hadde vi skulekino. Vi fekk òg besøk av nissen, som var innom klassane før elevane gjekk heim.
Vi ønskjer alle elevar og føresette ei riktig god jul og eit godt nytt år. Velkomen tilbake på skulen til første skuledag etter jul, som er 5. januar.

Tysdag 9. desember hadde elevar på 1. og 2. trinn julespel på skulen. Dei yngste elevane viste stort mot og engasjement, og leverte ei koseleg og stemningsfull framsyning. Med song, replikkar og glede på scena skapte dei ekte julestemning.
Både barn og vaksne hadde lagt ned ein flott innsats i førebuingane, og samarbeidet mellom elevar og tilsette gjorde arrangementet til ei god oppleving for alle. Etter julespelet vart det juletregang, der song og fellesskap samla små og store til ei hyggeleg førjulsstund.
Det er fint å halde ved like slike gode juletradisjonar som skapar samhald, glede og gode minner i skulekvardagen.

Bilete frå skulejoggen kor elevane jogga for å samla inn pengar til SOS barnebyer og born på Gaza